Krafttak for nye frøblandingar

Ei meir målretta utvikling av frøblandingar og sikrare utprøving av desse i Norge, kan gje auka engavlingar.

Liv Østrem, NIBIO Fureneset og Petter Marum, Graminor AS

I Norge utgjer frøblandingar ca 90 prosent av omsette såvarer til grovfôrdyrkinga. Desse kan bli betre ved å sjå til Sveits, der utvikling av frøblandingar har pågått i meir enn hundre år. Samanhengen mellom produksjon og artsmangfald har vore sentralt til i dag. Avlinga kunne aukast med eit best mogleg blandingsforhold mellom gras og kløver, med fleire artar i blandinga, og med frøblandingar tilpassa driftsopplegget.

I Sveits har denne tilnærminga ført til ein lang tradisjon for å utvikla frøblandingar tilpassa ulike klimatiske og driftsmessige tilhøve. Standardblandingar (Swiss Standard Mixtures, SSM) er så godt akseptert av bøndene at dei utgjer meir enn 80% av frøet til sådd grasmark. Frøblandingar med mange artar har høg marknadsdel, sjølv om dei kostar mest.

Sveitsisk sortstesting skjer frå 200 til 1850 m.o.h. på konvensjonelt og økologisk dyrka areal. Dei viktigaste artane vert oftast testa, og utprøvinga går over 2-3 år. Sortstesting skjer både som rein sort og i blandingar, og registreringane omfattar avling, sjukdommar, fôrkvalitet mm. Resultatet er ei liste over dei beste sortane i meir enn 25 artar som er lovlege for sal i Sveits. Dette er ei viktig informasjonskjelde for m.a. såvarefirma.

Skal utfylla kvarandre

Ved utvikling av frøblandingar  ser ein på korleis artar og sortar med ulike veksteigenskapar utnyttar areal, næring og lys i eit bestand, korleis konkurransen mellom artane utviklar seg, beste såmengde, bruksmåte og kva og kor mange artar som er best for å få ei varig eng. Målsetjinga er at artar og sortar skal utfylla kvarandre i tid og rom, altså gras- og kløverartar som etablerer seg raskt og sakte, og som utnyttar ulike høgder i bestandet som t.d. krypande kvitkløver i høve til den opprette raudkløveren. Frøblandingane vert testa på vanlege forsøksruter, og dei mest lovande blandingane vert testa på store areal under praktiske tilhøve på gardsnivå. Ein slik open utviklingsprosess gir bøndene ei forståing av og eit eigarskap til prosessen med å utvikla nye frøblandingar.

Meir enn 30 standardblandingar

Utviklingsarbeidet vert leia av forskingsinstituttet Agroscope som samarbeider med landbruks-skular, frøfirma og Swiss Grassland Society (SGS) som er ein paraplyorganisasjon av desse næringsaktørane. På basis av utprøvingane er det så utvikla meir enn 30 standardblandingar. Kvalitetssikringa er synleg i form av merkesystemet på frøpakningane med nummer- og fargekode som viser tilrådd bruk, venta engalder, klimatiske tilhøve blandinga er tenkt for, drift mm. Blandinga er sett saman av tilrådde sortar, utvikla i forsøk og testa i praksis, og frøet har klare kvalitetskrav både når det gjeld spiringsprosent og ugrasfrø.

Finansieringa av kvalitetsmerkinga skjer ved direkte betaling per frøpakning, og støtte frå SGS, frøavlssegmentet og andre. Kvalitetsmerkinga har vorte ein suksess ved å garantera ein høg kvalitet av dei beste sortane og beste blandingane. Det er lett for brukarane å finna det dei treng, og dei treng heller ikkje bry seg med sortar, fordi systemet garanterer for at den beste arts- og sortssamansetjinga er brukt. Sveitsiske standardblandingar har fått stor interesse også i Frankrike, og franske såvarefirma prøver ei tilsvarande tilnærming for å unngå å missa marknadsdelar i eige land.

Norsk utprøving er svært avgrensa

Norge har ikkje same høgdeskilnadene som i Sveits, men desto fleire breiddegrader frå sør til nord. Sortar som er godkjende for bruk i Norge, har berre blitt testa som rein sort og etter kvart på svært få stader, som på ingen måte fangar opp store klimatiske skilnader. Dette til tross for at erfarte og prognoserte klimaendringar tilseier store utslag i våre område. Testinga skjer av NIBIO etter oppdrag frå Mattilsynet. I tillegg finst det ei rettleiingsprøving (LMD-midlar), men mandatet er ikkje målretta m.o.t. frøblandingar. Dei marknadsførte blandingane er samansette av godkjende sortar, men er ikkje kvalitetssikra gjennom forsøk.

Sortsutvikling er ein kostbar prosess som, fordi klimaet er spesielt, må gjerast under norske / nordiske tilhøve. Den svært avgrensa testinga samsvarar ikkje med ressursane som ligg i norsk sortsutvikling. Den kan også gjera det lite attraktivt for utanlandske sortsutviklingsfirma å få sortane sine testa i Norge, og næringa kan gå glipp av potensielt gode sortar. Ei meir målretta utvikling av frøblandingar og sikrare utprøving av desse i Norge, kan også verka positivt for å auka engavlingane som har gått ned dei siste tiåra.

Norsk system á la det sveitsiske?


Å utvikla eit system tilsvarande det sveitsiske, vil krevja ressursar og tid. Verdikjeda knytt til såvarer omfattar sortsutvikling, sortstesting, frøavl, såvarefirma, rådgiving og forsking, og aktørane utfører i stor grad oppgåvene sine utan eit felles mål. Kan ein i første omgang tenkja seg eit organisert samarbeid av dei ulike aktørane i såvareverdikjeda med interesse for auka forsking og utprøving, og slik at innsatsen frå kvar enkelt aktør totalt sett er til gode for bonden som brukar? Har landbruket eksisterande organisasjonar med mandat til å ta eit overordna ansvar, eller må det dannast nye overbygningar slik at marknadsførte frøblandingar også i Norge vert kvalitetssikra gjennom utvikling og god utprøving? Eit slikt samarbeid må også omfatta husdyrsida. Verdikjeda er delvis finansiert av offentlege midlar som bør samordnast betre enn i dag for å få til eit krafttak for nye frøblandingar.