English version Norwegian version
Graminor logo

Forsøksgarden på Njøs 100 år i 2020

Publisert: 06.08.2020 12:57

 

Statens forsøksgard for fruktdyrking starta opp på Njøs 1. januar 1920 etter sterkt påtrykk frå Det norske hageselskap. Det arbeidet som har vore sentralt heilt frå starten, er arbeid med sortar, grunnstammer og arter innan frukt og bær. Det er prøvd ut og dokumentert fleire tusen sortar gjennom dei hundre åra stasjonen har hatt aktivitet innan dette fagfeltet.

 

Skribent; Stein Harald Hjeltnes, dalig leiar Njøs frukt - og bærsenter og foredlar i Graminor

 

Tidslinja viser under ein del av dei viktige endringane som hadde stor innverknad på forsøksgarden på Njøs. Frå 1950-talet og utover auka det på med forskingskapasitet på dei tre forsøksgardane, Kise, Njøs og Ullensvang, og i tillegg var det fleire tilsette på Institutt for fruktdyrking på Ås. Noreg hadde utover 1970- og 1980-talet langt fleire frukt- og bærforskarar enn det Danmark og Sverige hadde. Det offentlege forsøksvesenet i landbruket har hatt gjennomgripande omstruktureringar i perioden frå 1992. I denne prosessen miste Njøs gradvis posisjonar, og kjerneaktivitetane vart sortsforedling og bærforsking med fokus på bringebær. Det var positivt for Njøs at Graminor vart oppretta i 2002 og at sortsforedlinga i frukt og bringebær fekk halda fram her i det selskapet. Njøs overlevde denne turbulente perioden på grunn av at Graminor valde å oppretthalda aktiviteten på Njøs og fordi regionen stilte opp og medverka til etablering av Njøs næringsutvikling AS.

Periode

Viktige hendingar

1920-talet

Etablering av Statens forsøksgard for fruktdyrking, Njøs

Oppstart av fenologiske   (knoppsprett og blomstring) og meteorologiske observasjonar

1930-talet

Bygging av fjøs, kjølelager, veksthus

Kryssingsarbeid   startar opp

Norsk pomologi –   bind 1, eple

1940-talet

Erling Kvåle   erstattar Per Stedje som forsøksleiar (1944)

Bygd nytt   kryssingsveksthus og assistentbustad. Lagringsforsøk.

Ullensvang   forsøksgard grunnlagd (1949)

1950-talet

Statens forsøksgard Kise blir grunnlagd (1951)

Lagringsforsøk i kontrollert atmosfære på Njøs

Norsk pomologi bind 2 – pærer.

Bygd ny læringbustad (noverande kontorbygning)

1960-talet

Auka fokus på sortsforedling på Njøs, Johannes Øydvin startar   bærforedling her i 1966.

Per J. Husabø erstattar Erling Kvåle som forsøksleiar (1966)

1970-talet

Statens   forskingsstasjonar blir grunnlagd (1975) og Indre Sogn forsøksring vert   etablert (1976). Fyrste kvistbank planta i samarbeid med   Gartnerhallens eliteplantestasjon Sauherad

Nordisk genbank etablert

1980-talet

Satsing på norsk planteforedling, samarbeid med Balsgård om   pæreforedling, plommeforedling overført til Njøs, bringebærforedling overført   til Kvithamar. Grønsakforsking på Njøs.

Raud rotròte i   bringebær blir oppdaga i Sogn og Fjordane

1990-talet

Noreg ratifiserer   UPOV-avtalen av 1978 i 1993. Sortar blir rettsbeskytta og det blir krav om   royalties.

Njøs avdeling   under Ullensvang. Planteforsk etablert som fusjon av SFL og Statens   Plantevern.

Satsing på   steinfrukt og bær til konsumproduksjon

Nytt veksthus.   Grønsakforskar flytta til Kise

Sharkavirus i   plomme vert oppdaga på Njøs

2000-talet

Graminor blir   etablert. Bioforsk blir etablert som fusjon av Planteforsk og Jordforsk. Njøs   blir nedlagt som offentleg forskingsstasjon. Etablering av Njøs   næringsutvikling AS

2010-talet

Mange nye sortar   lanserte frå foredlingsprogramma. Staten opnar for import av jordbærplanter,   eple- og pæretre.  Graminor vedtek   overføring av jordbærforedlinga til Njøs frukt- og bærsenter AS

Heksekost i eple   vert oppdaga i Sogn og Fjordane

Oppstarten på Njøs

Forsøksgarden på Njøs starta opp etter sterkt påtrykk frå Det norske hageselskap, og Per Stedje vart tilsett som den fyrste forsøksleiaren. Tidlegare var det berre organisert forsøksverksemd i frukt og bær ved Norges landbrukshøgskole på Ås, og det var naturleg med tett samarbeid med Ås-miljøet. Dei fyrste åra vart det arbeidd svært mykje med å rydda opp i det som fanst av sortar og prøva ut nye, og både forsøksleiar Per Stedje og seinare Erling Kvåle var framståande pomologar. Dette arbeidet resulterte i Norsk pomologi bind 1 – epler og Norsk pomologi bind 2 – pærer. Desse bøkene skildrar dei viktigaste sortane og deira dyrkingseigenskapar.

Viktige aktivitetar

I arbeidet for næringa er det fokus på å finna gode løysingar på problem, eller å finna nye mogelegheiter. Forsøksvesenet sin natur er slik at ein skal koma fram med løysingar eller mogelegheiter, men det er andre som skal ta dei vidare og henta ut den økonomiske gevinsten. Dette kan kallast det regionale innovasjonssystemet, og det er utfordrande å få til å fungera skikkeleg.  Rolf Landfald utførde eit pioner-arbeid innan lagring av eple og pære i kontrollert atmosfære på 1950-talet, eit arbeid han heldt fram med etter at han vart tilsett på institutt for fruktdyrking, NLH. Landfald gjorde ei stort arbeid for å formidla kunnskapen til studentane på Ås, og reiste rundt på fruktlagera og gav råd om lagring til fruktlagerstyrarane. I dag har denne kunnskapen fornya aktualitet.

Det arbeidet som har vore sentralt heilt frå starten, er arbeid med sortar, grunnstammer og arter innan frukt og bær, og det er prøvd ut og dokumentert fleire tusen sortar gjennom dei hundre åra stasjonen har hatt aktivitet innan dette fagfeltet. Ein del av denne informasjonen er publisert i tidsskrift, men mykje ligg også i arkivboksar og feltbøker lite tilgjengeleg. Informasjonen er knytt til lokalitet med tilhøyrande meteorologiske data og jordsmonn, og er ei lite utnytta kjelde til å forstå samspel mellom ulike faktorar i eit omskifteleg klima. Web-sida www.fruktsorter.no er ein start på å få gjort lett tilgjengeleg noko av all denne sortsinformasjonen.   

Sidan 2006 er det på Njøs arbeidd systematisk med å finna nye frukt- og bærkulturar for dyrking hos oss, og som eit direkte resultat av dette arbeidet, er det til dømes no etablert ein kommersiell produksjon av tindved i Sogn.

Per J. Husabø var ein føregangsmann innan skjering og forming av frukttre, og denne kunnskapen vart overførd til dei som hadde det praktiske ansvaret i frukthagane. Han hadde to periodar på Stortinget frå 1977-1985, og etter dette kom Njøs aldri på offensiven att innan treformer. Konseptet med slank spindel vart styrt frå Telemarksmiljøet frå sist på 1980-talet, og nederlandske konsulentar kom og tok over som ekspertar på dette området med skjering og forming frå 2000-talet.

I 1997 starta Njøs opp med forsøk i økologisk fruktdyrking, og har hatt økologiske felt og forsøk kontinuerleg sidan då. Det var frå starten fokus på sortar, dyrkingssystem og plantevern, i tett samarbeid med Ullensvang og plantehelse på Ås. I dei seinare åra har arbeidet dreia meir mot marknad og jord/kompost og regenerative produksjonssystem.

Det arbeidet som i nyare tid har fått størst betydning for næringa er arbeidet som Nina Heiberg utførde med konsumbær på 1990-talet, der særleg bringebær i tunnel har tilført næringa store verdiar. Dette var eit forsking, utvikling og innovasjonsarbeid som starta på Njøs, og som vart ein suksess på grunn av at næringa tok resultata vidare i praktisk bruk. I Arenaprosjektet som vart gjennomført av tilsette på Njøs i perioden 2010-2016 vart det arbeidd med å utvikla regionale innovasjonssystem for Sogn og Fjordane, og konsum bringebær var eit døme som vart sett på som ein mal.

Frå å vera ein statleg forsøksgard har Njøs gradvis blitt ein mykje sterkare regional utviklingsaktør, fyrst og fremst for Sogn og Fjordane. Dette har vore eit supplement til arbeidet sortsprøving og sortsforedling, som har nasjonalt perspektiv.

Fokus på sortsutvikling

Forsøksleiar Erling Kvåle vart svært interessert i sortsforedling etter studieopphald i U.S.A., og starta sortsforedling i frukt og bær på Njøs i 1930. Arbeidet vart trappa opp då Johannes Øydvin arbeidde på Njøs i perioden 1966-1972. Han hadde då kryssa og selektert det som skulle blir  jordbærsorten ‘Jonsok’ på Ås, og lanserte fleire sortar den korte perioden han var på Njøs før han flytta tilbake til Ås og heldt fram foredlingsarbeidet der.

I 1979 og 1980 kom det to offentlege utgreiingar om sortsforedling i frukt og bær, og i etterkant av dette vart innsatsen på sortsforedling auka, både på Njøs og ved Institutt for fruktdyrking, NLH. Forsøksleiar Jonas Ystaas ved Ullensvang forsøksgard var ein sentral person i dette arbeidet, og han såg at ei funksjonsdeling mellom Njøs og Ullensvang knytt til sortsforedling kunne vera ei god løysing i framtida. Artikkelforfattaren starta opp arbeidet med pæreforedling i 1982, og Dag Røen vart tilsett som epleforedlar på Njøs i 1993. Han kom frå Ås, og flytte over foredlingsmateriale av eple og plomme over ein fem-årsperiode. Deretter vart bringebærforedlinga flytta attende til Njøs frå Kvithamar, medan det vart starta opp jordbærforedling ved Kvithamar etter politisk prioritering.

Sortar frå Njøs

Jordbær: Glima, Hella

Bringebær: Veten, Norna, Sygna, Anitra, Agat, Ninni, Duo

Rips: Jotun, Fortun, Nortun

Eple: Eir, Idunn, Nanna, Siv, Oye, Tiara

Pære: Celina, Ingrid, Kristina

Plomme: Edda

Utanlandske lanserte frå Njøs:

Pære: Ingeborg og Fritjof

Framtida 

Det er viktig for fagmiljøet på Njøs å bli tydelegare på oppgåver og samfunnsansvar i åra framover. Me har i ein periode vore dels opptekne med sortsforedling og dels opptekne med andre oppdrag innan ulike fagfelt som me har hatt kompetanse til å løysa. For rekruttering og framtida må ein fokusera meir på Njøs sine kjerneverdiar knytt opp mot sortar og arter i frukt og bær.

Det er liten tvil om at næringa treng nye sortar i frukt og bær. I tillegg er det viktig med  kunnskapsleverandørar for å utvikla berekraftige produksjonssystem og undervisningsinstitusjonar som kan utdanna fagfolk til dei ulike ledda i verdikjeda. .

I Noreg er Staten ein svært viktig bidragsytar på alle nivå i landbruket. Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett er den viktigaste bidragsytaren, men i tillegg vert det kanalisert midlar til Nærings- og fiskeridepartementet (t.d. til Innovasjon Norge) og til Utdannings- og forskingsdepartementet. Alle desse offentlege midlane, i tillegg til internasjonale midlar, er tilgjengelege for næringa slik at ein kan bli meir konkurransedyktig, men mange av midlane er konkurranseutsette og vanskelege å få tak i. Det viktige er at næringa og dei institusjonane som skal stø opp under næringa brukar kreftene på å samarbeida for at næringa saman skal bli meir konkurransedyktig og berekraftig. Graminor sitt styre har bestemt at norsk sortsforedling i frukt og bær skal samlast på Njøs og organiserast under Njøs frukt- og bærsenter AS. Styret og eigarane i Njøs frukt- og bærsenter skal no staka ut ein ny og klar retning, saman med dei tilsette i selskapet. Dei største eigarane er Graminor, Gartnerhallen, Vestlandfylkeskommune og Lerum, medan mindre eigarpostar er spreidd på frukt- og bærmottak i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Både næringa og det offentlege er tett på Njøs frukt- og bærsenter, og kan bruka oss for utvikling av sektoren saman med det forskings- og utdanningsmiljøa inn i framtida.

 


Del på Facebook