English version Norwegian version
Graminor logo

Sortsutvikling for eit endra klima

Publisert: 04.01.2016 14:03

 Er sortsutvikling for eit endra klima mogleg ? Sortsutvikling for framtidig klima krev eit genetisk vidt plantemateriale for å møte raske endringar. Marknaden er liten, og eigna sortar må utviklast i Norge eller i Norden.

 

 

Sortsutvikling i engvekstar

Sortsutvikling fram til marknadsføring av ny sort, tek normalt meir enn 20 år. Planteforedlarane treng minst 10-12 år. Evalueringsfasen etterpå tek minst 5 år; ein nasjonal test («offisiell verdiprøving») som i Norge vert utført av NIBIO på oppdrag frå Mattilsynet, og ein internasjonal SES-test (DUS-test) for å vise at sorten kan skiljast frå andre sortar, at sorten er einsarta og stabil over år m.o.t. ulike eigenskapar. Så kan sorten godkjennast og kome på norsk sortsliste, før såvarefirma som dersom dei finn sorten interessant nok, treng nokre år til oppformeiring av såfrø, før sorten når ut til brukaren.

Konsekvensar av klimaendringane på engvekstane

Temperatur og nedbør endrar seg no raskare enn tidlegare. Daglengda vil vere stabil medan temperatur og nedbør vil endrast. Høgre temperatur om hausten gjer at herdinga, dvs. prosessen der plantene avsluttar veksten og lagrar reservenæring, skjer seinare på hausten og under mindre lys enn tidlegare på hausten. Dette kan gi dårlegare overvintring. Høgre temperatur om vinteren kan også gi auka vinterstress. Vintertemperaturen kan i periodar auke så mykje at plantene vert avherda for tidleg og dermed utsette for frostperiodar seint på vinteren, ein irreversibel prosess når stengelstrekkinga først har starta.

 

SES-godkjenning

Ein genetisk vid sort er bra for å kunne dekke eit stort geografisk / klimamessig variert område. Norge har underteikna UPOV-konvensjonen av 1978 som omfattar SES-testen, og som avgrensar kor genetisk vid ein godkjent sort kan vere. Avtalen gir rettsvern til den same sorten slik at han ikkje kan brukast under nytt namn, noko som er viktig i internasjonal planteforedling. Ein må difor finne nasjonale alternativ for å lage nødvendig genetisk variasjon i plantebestandet, t.d. gjennom marknadsføring av fleire sortar og meir tilpassa frøblandingar.

 

Strategiske val i sortsutvikling

Klimaendringane inneber også strategiske val. Kan andre artar verte meir aktuelle om nokre tiår? Vil timotei forbli den viktigaste arten i dei nordiske landa? Kan den tørkesterke strandsvingelen med dei djupe røtene også vere aktuell hjå oss, sjølv om tørke ikkje blir største problemet her? Kan lucerne få ein større plass blant norske proteinvekstar, eller er det andre aktuelle engbelgvekstar? Den eksisterande genetiske variasjonen i engvekstane er avgrensa i forhold til det som trengst på sikt, for å kunne møte eit framtidig klima. Strategiske val inneber at ein også må byggje opp plantemateriale i aktuelle nye artar for framtidig seleksjon.

 

Klimaendringar kan gi nye foredlingsmål

Engvekstane skal tole mange ulike stressforhold gjennom året knytt til overvintring og drift. Dei skal utnytte ein lengre vekstsesong med tidlegare vekststart og lengre tid for gjenvekst, med auka planteproduksjon av god kvalitet i fleire slåttar. Foredlingsmåla, karakterane som foredlaren gjer utval for, vil endre seg. Det kan vere ønskjeleg med tidlegare vårvekst i tilpassa artar som timotei og raudkløver. Ein sein vekststart gjer sortane sikrare mot sein frost, men tidlegare vekststart vil utnytte betre den tidlege delen av vekstsesongen med dei beste forholda for plantevekst. Dei same artane treng auka gjenvekstevne, slik at gjenveksten kan utgjere ein større del av den totale tørrstoffavlinga enn i dag. Angrep av bladsjukdommar i veksttida vil auke, slik ein  ser lengre sør i Europa. Kronrust på gras har t.d. trekt nordover til Danmark og Sverige siste tiåret. Auka nedbør og vassmetta jord vil i deler av Norge truleg få same merksemd i seleksjonsarbeidet som frost har i dag. Foredlingsmåla vil såleis variere med art, bruksområde og i kva geografisk område sorten er tenkt brukt.

 

Utfordring: samspel mellom temperatur og daglengde

Fleirårig raigras og raisvingel er dårleg tilpassa klimaet vårt men passar godt i ein lengre vekstsesong. Dei manglar vekstavslutning som i timotei, engsvingel og rapp, som avsluttar veksten og gulnar om hausten i god tid før vinteren. I ikkje-tilpassa artar vil det vere viktig å kunne selektere planter som avsluttar veksten på signal frå daglengde meir enn temperatur. Høgre hausttemperatur krev dessutan at plantene veks nok etterpå for å byggje opp næringsreservar for bruk gjennom vinteren og neste vår. Tilpassing til nytt daglengde-temperatursamspel vil på sikt også omfatte dei tilpassa grasartane. I kystnære område i Sør-Norge har plantene fotosyntetisk aktivitet om vinteren. Auka temperaturar her kan gi vekststart på eit tidspunkt der plantene avherdar midtvinters og bli utsette for vinterskade. Venta klimascenario omfattar framleis frostperiodar om vinteren, og grassortane som skal nyttast i Skandinavia, vil også framover trengje tilpassing til klimaet i form av ei slags ‘dvaletilstand’ om vinteren.

 

Konklusjon

Regionale skilnader krev ulike tilnærmingsmåtar i sortsutviklinga. I nord vil høgre hausttemperatur og uendra daglengde gi dei største utfordringane om hausten i form av dårlegare herding og innvintring. I sør kan høgre vintertemperatur auke faren for avherding og for tidleg vekststart. Sortane må difor vere godt tilpassa dei spesielle klimatilhøva på våre breiddegrader. Marknaden er liten og eigna sortar må i hovudsak utviklast i Norge eller i Norden. Ein kan ikkje vente at europeisk planteforedling tek ansvar for vårt område.

 

Sortsutvikling for eit endra klima tilseier at omfanget av norsk sortsutvikling og også talet på testlokalitetar, vert auka i høve til i dag. Raske endringar krev eit handlingsdyktig foredlarapparat med eit stort og godt dokumentert plantemateriale m.o.t. opphav og aktuelt bruksområde. Den genetiske variasjonen kan aukast ved hjelp av eksotisk plantemateriale, men dette må også tilpassast dei klimatiske forholda våre. Det beste verktøyet for å møte framtidige klimatiske utfordringar, er plantemateriale med stor genetisk variasjon, og dette må byggjast opp over lang tid.

 

Publisert i Bondebladet, desember 2015.

Forfattere:

Liv Østrem, NIBIO

Petter Marum, Graminor

Odd Arne Rognli, NMBU


Del på Facebook